større Sut fyre meg, en alt eg sjølv kann syta fyre meg. For hann stend alt for utrygg, som ikkje kastar all si Sut paa deg. Herre! fyst berre Viljen min verd rett og fast vend aat deg, so gjer med meg ettersom det tekkjest deg, for det kann ikkje vera annat en godt, kvat du so gjere med meg.
2. Vil du lata meg vera i Myrkret, so vere du lovad, og vil du lata meg ferdast i Ljoset, so vere du og lovad! Verdugast du trøysta meg, vere du lovad, og vil du at eg skal hava Sorg, vere du og allstødt lovad! Son min! so lyt du fara, der du ynskjer aa ferdast med meg. Du lyt vera likso buen til Plaaga som til Fagnad, og du maa likso gjerna hava Faatøk dom og Armodskap, som Nøgd og Rikdom.
3. Herre, gjerna vil eg lida fyre di Skuld, kvat du so vil lata koma uppaa fyre meg. Eg vil lika godt faa av di Hond godt og ilt, søtt og beiskt, gledelegt og syrgjelegt, og segja Takk fyre alt som hendest meg. Halt meg berre ifraa all Synd, so rædest eg korkje Daude elder Helvite. For der du berre ikkje rek meg i all Æva, og ikkje stryk meg ut or Livsens Bok, so kann aldri nokot skada meg, kvat for Trengslor det enn maa koma yver meg.
18. Stykkjet.
Um at me maa lida all timleg Vesold med Tolmøde etter Kristi Fyredøme.
1. Son min, eg steig ned ifraa Himelen fyre di Frelsa Skuld; eg tok paa meg Vesoldi di, ikkje av di