Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/106

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

vil faa Nøgdi av alt godt i Himelen. Ynskjer du for uskipelegt desse nærverande Tingi, so mun du missa dessa som ero himelske og ævelege. Bruka daa det tim lege, men ynsk det ævelege. Aldri kann du verda mett med nokot timlegt Godende, av di du ikkje var skapad til aa njota slikt.

2. Hedde du endaa alle dei Godendi som ero ska pade, kynne du ikkje daa vera heppen og sæl; men i Gud som heve skapat alt, er all di Sæla og Heppa; ikkje slik ei Sæla, som dei sjaa og lova, som daarleg elska Verdi; men slik ei Sæla som sanne kristne venta, og som dei andlege og reine i Hjartat som hava si Framm ferd i Himelen sumtid faa liksom ein Fyresmak av. Faafeng og stutt er all Trøyst av Folk. Sæl og sann er denn Trøysti som me innverdes faa av Sanningi; det gudlege Mennet ber stødt med seg Jesus, Trøyst aren sin, og segjer til honom: Vert hjaa meg, Herre Jesus, allstad og alltid! Det vere Trøysti mi, at eg gjerna vil vanta all Trøyst av Folk. Og tek du di Trøyst ifraa meg, so maa Viljen din og den rettvise Røyningi di vera den høgste Trøysti mi. For du vil ikkje harmast allstødt og hotar ikkje æveleg.

17. Stykkjet.

Um at me skulo leggja all vaar Sut paa Gud.

1. Son min, lat meg fara med deg som eg vil, for eg veit kvat som gagnar deg. Du tenkjer som eit Menne og dømer i mykjet ettersom Mannsens Traaing gjev deg inn. Herre, sant er det som du segjer, du heve