15. Stykkjet.
Um korso me byr bera oss med Ord og Gjerd naar me ynskja eitkvert.
1. Son min, seg so i alle Ting: Herre, fyst det tekkjest deg, lat det daa verda so! Herre, fyst det er til di Æra, so lat det verda i ditt Namn! Herre, ser du, at det gagnar meg, og du tykkje det er nytlegt aat meg, so gjev meg det, at eg kann bruka det til di ra. Men veit du, at det er skadlegt aat meg, og gagnlaust til aa frelsa Saali mi, so tak slikt eit Ynskje ifraa meg! For ikkje alle Ynskje ero av den heilage Ande, endaa det kann synast eitkvert Mennet rett og godt. D'er i San ning vandt aa døma, kort ein god Ande elder ein ill Ande fær deg til aa ynskja eitkvert, elder og um din eigjen Ande fær deg til det. Mange verda til Slut narrade, som i Fystonne trudde, at ein god Ande førde deim.
2. Difyre maa du allstødt med Guds-otte og aud mjukt Hjarta ynskja og traa etter det som synest ynskjande aat Hugen. I Vissa maa du sleppa fraa deg all Sjølv vilje og gjeva alt under meg, og segja: Herre, du veit kvat som best er, lat dette elder detta hendast, etter som du vil. Gjev, kvat du vil, og kor mykjet du vil, og naar du vil. Gjer med meg som du veit, og som det tekkjest deg best, og som det er best til Æra di. Set meg, kvar du vil, og far med meg i alle Ting etter din Vilje! Eg er i di Hond, snu og vend meg korso du vil. Sjaa, eg er Tenaren din, reidug til alt, for eg traar ikkje etter aa liva fyre meg sjølv, men fyre deg: eg ynskjer det vyrde verdugt og fullkomet.