Side:Tolstoi-boki.djvu/66

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Nei, eg vil og sitja inne og kosa meg, liksom du — blaasa i alt! — og so kan du gjera det du. vil for meg.

Peter (til Akulina). Gakk ut og gi kryteri; det er paa tid no.

Akulina. Kva? Gi kryteri? Ja gjerne det. (Kastar eit plagg paa seg og tek eit reip).

Anisja. Nei, du fær meg ikkje meir til aa gaa og slita og slæpa aat deg. Det kan no vera nok. Slit sjølv.

Peter. So hald daa upp. Kva er du gali for?

Anisja. Du kan sjølv vera galen. Ein hev korkje gagn elder glede av deg. Du berre møder folk upp, din gamle grinbit du er.

Peter (sputtar). Tvi vere deg! Aa min Gud! (slengjer ei kaape um seg.) Eg maa nok sjølv ut Og faa greie paa tingen (gjeng).

Anisja (etter han). Ja pilt deg berre av. Giv fanden hadde deg!

Sjette koma.
Anisja og Akulina.

Akulina. Kvi skjeller du paa far?

Anisja. Kva kjem det deg ved, ditt toske hovud? Hald du berre din munn.

Akulina. Eg veit nok kva du er vond for. Du kan sjølv vera eit toskehovud, ditt troll! Eg er slett ikkje rædd deg.