Hopp til innhold

Side:Tolstoi-boki.djvu/218

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

sokkarne og saag seg rundt i stova; han kom daa til aa sjaa Mikael.

— Kven er det? spurde han.

— Han der? det er han som skal sauma styvlarne, svara Semjon.

— Sjaa til daa, sa herremannen til Mikael, at du saumar dei so at dei kan vara aaret ut. Semjon snudde seg mot Mikael og saag kor denne sat og stirde paa herremannen, utan rett aa sjaa paa han, daa det helder var stovekraai paa den andre sida han saag paa, plent som der skulde vera noko rart. Best som han sat slik og stirde gav han seg til aa smila, og vart so ljos over heile sitt andlit.

— Kva sit du der og grin etter, din faaming! Sjaa helder til du kan faa styvlarne istand som eg hev sagt.

— Styvlarne skal ver ta ferdige i rett tid.

— Lat meg sjaa daa, sa herremannen og tok styvlarne paa seg.

Kusken hjelpte han med pelsen, og so bar det til dørs. Men daa han gjekk um døri, gløymde han aa luta seg og rende skallen mot dørkarmen. Han banna og skjende, og gnika skallen med loven, gjekk so ut og sette seg i sledevogni.

Daa han var burte sa Semjon:

— Han hev ein skalle som ein flintstein. Um ein slo til han med ei stuteklubbe, so neimen um