fell paa kne for han). Kjære far! Tilgiv no du meg
min stakkars syndar! Alt fraa den fyrste tid eg
gav meg inn i dette liderlege levnet aatvara du
meg og sa: «Gjev du fanden ein finger, so tek
han heile handi»; men eg vilde kje høyra paa
deg, min syndetræl, og so fekk du daa rett likevæl.
Tilgiv meg i Jesu namn!
Akim (sjæleglad). Gud vil tilgi deg, min kjære gut! (tek han i fanget). Du sparde kje deg sjølv; men daa vil nok han bera over med deg og hava medynk med deg. Gud, aa gode Gud i himmelen!
Eldstemannen. Her er daa vitne nok.
Gendarmen. Me held forhøyr med det same.
Akulina (stiller seg jamsides med Nikita). No skal eg fortelja alt som det er. Høyr no meg.
Nikita. Det er ikkje meir aa høyra no. Det er eg aaleine som er skuld i altihop. Det er mitt paafunn, mitt verk. Gjer so med meg det de vil. Eg seier ikkje eit ord meir.