Side:Tolstoi-boki.djvu/102

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

seg sjølv! Ein vil daa so traude ha det paa samvitet.

Matrøna (inntrengjande). Men kvi seier han daa ikkje kvar han hev pengarne? Elder vil han ha dei med seg i kista, so ingen skal faa godt av dei? Er det pent, kanskje? Gud fader bevars! Slik ein pengeslump, og so tenkja seg at dei skal gaa fen i vald, berre avdi han er tullen! Er det daa ikkje forherdigt! Kor er det han ber seg aat? Kva er det vel aa bry seg um ein sodan kar?

Anisja. Eg veit ikkje sjølv kva eg skal tru. Det er mang ein gong so det leitar po vitet.

Matrøna. Kva veit du ikkje? Det er daa greidt nok. Triv du ikkje rett til no, so vil du trega det til din dødsdag. Han gjev systeri pengarne, og so kan du sjaa kvar det vert av deg.

Anisja. Ja det er sant; han bad um at ho skulde hentast. So maa eg gaa.

Matrøna. Nei vent no, og gjer helder temaskina istand. Han maa ha noko aa drikka att; og medan lyt me sjaa faa tak i pengarne. Naar me er tvo um det, so finn me dei nok.

Anisja. Aa, berre det ikkje gjeng gale!

Matrøna. Og kva so? Kva er det aa æva seg for? Det kan lite nytta aa gaa sukka over pengarne naar ein ikkje fær tak i dei. Ein maa nok ta anleis fat.

Anisja. Godt, so skal eg gaa inn og laga te.

Matrøna. So ja! det var rett; og lat meg