dei seg paa heimvegen att nord igjenom Baahus, same vegen dei var komne. Det bar gjenom fatige matlause bygder; dei var mest ihelsvoltne og uppetne av unaad, daa dei slapp yver Lina att ved Fredrikshall og sa Sverike far vel:
Tak for hver dag vi sultet har.
Jeg maa nu fra dig flytte
med lus foruden tal.«
Mange aat seg kvakk ihel paa mathusom i byen.
Daa var det sjau vikor sidan dei saag Fredrikshall fyrre gongen.
Dei var so lasne paa klædom, at det var berre so dei kunde skyla seg. Daa dei møtte fram ved telthuset paa Fron, og munderingarne vart innatt-hengde, var det mange som sleit plaggi sund millom henderne og kasta fillorne inn so dei dreiv. Gamle Olav Mellgarden paa Fron kunde i 1880 »minnast dette som ein draum.«
Forsset-Svarten kom heimatt like god. Fyrste Anders fór ut igjenom dalen og Svarten gjekk ned paa jordet, kom han støtt humrande upp aat skigarden, naar han høyrde maalet hans.
Anders kunde gjera vers; han sette upp ei lang visa um ufreden, alt fraa han tok heiman-til og baud far vel; det var hausten, »septembers tredie dag«:
jeg grædende tilbage ser;
mor jeg forlader
samt søskende og fler.
Befaler eder Gud;
jeg reise maa afsted.
Thi kongens ordre og hans bud
udfordrer disse fjed.«