Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
2
Anders Rongli.

øykjekretur kunde vera. Det var ofte smaatt med fór aat hestom, med dei »laag ute«; men Svarten svalt ikkje: han rengde grima av seg og tok fraa dei andre, alt med det var noko aa taka.

Anders reid med lauspost i ufredstidi. Svensken var etter honom gong paa gong; »men Anders kom fram, og han kom attende ogso: det var hest og det var kar som gjorde løysnad der dei fór.« Ein gong var han i fylgje med ein løtnant. Daa kom det paa dei 10 svenskar og stengde vegen. Løtnanten vart hyfsen. »Hvorledes skal vi komme ikring disse?« sa han. »Aa, haldt deg etter meg,« sa han Anders og reid beint paa. Svenskarne hogg seg fast i hesten; ein av dei greip han i handtyglen under hoka. »No skal du ikkje koma lenger med dine falske brev,« sa han. »Det skal me talast um eg og døkk, det,« svara han Anders og hogg honom yver armarne, sette sporarne i hesten, so han reis ende upp, og tvertok honom i det same med beislet, so han gjorde ein kverv med framfotom, so svensken ross ikring honom.

Anders gret, naar han fortalde dette sidan: han trudde det sprang liv den gongen.

Det var tilraadt so lite mat aat heren, at dei laut berga livet som dei best kunde. Ein gong sette Anders og Knut Mellgarden inn i kjøkenet paa ein herregard etter mat; Anders og Knut var sambygdingar. Kokka vart rædd: dei saag fælslege ut, var raudklædde og hadde tvo pistolar og sabel. Ho bad dei for Guds skuld svinta seg ut att; »her bur baronen,« sa ho. »Eg d{{..|2}}t i baronen,« svara Anders; »kor er han?« Og ho laut syna dei av inn i stova. Der sat baronen ved eit bord. Han glaama paa Anders. »Kva vil du?« sa han. »Faa mat,« svara Anders. »Aa, er det ikkje anna!« sa baronen. Knut og Anders fekk flust med baade mat og drikke.

Det var ikkje lang rykken ufreden stod paa. So gav