Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/344

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
340
Hansliguten.

halvt aars tid, høyrde eg ikkje meir til nokon mothug til dei »ville« slaattom lenger; han let dei ubeden, og det var uvandt aa sjaa, at han sjølv hadde hugnad av dei.

At lætet hans no, han var mange aar paa fjorde tjuget, kunde vera vidare fint, var ikkje lenger aa venta, so lang ei tid som det var han ikkje ein gong saag dit fela var. Høgre armen hadde stivna au, og so bar han seg ille for, at »fingrann« vilde vera stølvinte. Men likevel var det noko sermerkt ved lætet hans, og han fekk eit maal i fela som berre ein meistar kan faa fram. Det var greitt for baade høyra og sjaa, at det var spelmann Hansliguten hadde vore emna til — paa den leii hadde han fenge sin sergivnad.

For meg var det ofte stor hugnad aa sitja høyra paa lætet hans, dei gonger han var best i lag — han kunde enno laata sume slaattar hugtakande vent. Det var noko anna naar han fekk fela i henderne, en naar han dikta salmor; det vanta ikkje paa liv og kjenslor i læti. Og so var det baade forvitnelegt og saart aa leggja merke til, korleis dei gamle slaattane reiv honom med seg i dei skiftande hugdrag — han gløymde seg sjølv og alt umkring seg, og levde i tonarne og dei mange minne som tonarne vekte upp att hjaa honom.

Var det ein morsk »Napoleons-marsj«, »Desever-marsjen« eller »Studenter-marsjen« han let, rakna gamlen i ryggen, hovudet kom meir og meir attyver, og heile mannen vart bøsen aa sjaa paa. Daa var det ikkje fritt for, at det spøkte for eit og anna avlæte med felebogen enno, og var det slike som »Struelses spelleri«[1] han let, kom det fram att vonoms fleire glims av Hansliguten, som han var i kaataste ungdomsaarom.

Skifte det so med ein slaatt av eit anna slag, til dømes

  1. »Struelses spelleri«, ein melovit som det er trulegt Struense hev likt sers godt — Struenses »favoritmenuet«.