aa gjera mit beste for aa faa kravet hans i godt gjenge. Og det leit han paa.
Men um dette hadde me meir en ei raadføring seinare framigjenom! — eg var ille ved kvar gong han ordast ut um den tingen, for han trudde fullt og fast, at um eg berre la meg til gagns i selen, so maatte anten skuldmannen hans til pæls eller »menigheden« (fattigstellet) leggja det ut. At me alle saman kunde tola aa sjaa, at ein »ussel og ringe broder« vart snytt soleis paa yver tjuge dalers verdage, det kunde han ikkje faa seg til aa tru.
Enden vart no slik, at fattigfjorungen fekk hava umsorg for husvære aat Hansliguten og skøyta attaat det som ikkje rokk til av føraadi hans. Og etter di han just ikkje var noko hugnadsplagg aa hava i eit hus i mange maatar, kom han til aa skifta bustad fleire gonger. Skiren og reinferleg var han ikkje no lenger, og naar det ender og gong maatte gjerast aalvor med aa vøla um baade han sjølv og klædi hans, var det lett gjort han tok det ille upp og skapte seg vill. Dertil hadde den store føre karen ei god mathelsa og gjorde brei veg etter seg i grautfatet. — So han gjorde just ikkje umbodet lettare for meg, Hansliguten, etter han kom inn i fjorungen.
Endeleg tente eg ut som rotmann, og glad var eg, daa tenesti var slutt. Men mea eg stod i, vart eg og Hansliguten so gode kjenningar som det er brukelegt aa verta. I fyrstningi etter det vart ny rotmann hadde han tungt for aa tru, at eg var utor spelet komen; han gjekk forbi den nye rotmannen og kom aat meg og vilde ha meg til aa leiga seg trivlegare husvære. »Eg vilde no so inderleg gjenne faa bu i lag med folk som held seg aat Vaarherre. Naar eg skal bu millom kjeftrivarar og slike som ikkje hev bruk for guds ord, kan eg inte trivjast — nei eg kan inte tala um, kor ille tilfreds eg er mang ein gong,« sa han.
So lenge han budde nærhandom ved, gjekk det aldri