Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/267

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
263
Hansliguten.

gjekk aat tilsynsmannen med brevet fyrst og spurde han til raads, meinte eg.

— — — »Ja, naar eg tenkjer paa, kordan han bar seg aat i alle maatar for aa fanta aat seg det eg hadde, bli eg so har—rm, at eg kan mest seia eg æ—æt meg sjøl op—opp! Berre soleis som dei fór aat med klæom mine, som hekk att i huset hjaa honom, mea eg var sør-i Rust-bygdi! — nei ein kunde no itte paa nokon sett eller vis tru, at folk vilde vera so fantlugom! Her skal du — nok — sjaa eit lite pe—ek, her, etter dom!« — og dimed tok han eit svært langt stig, tett innaat meg, og synte fram, at kantebandi paa den svarte klæesvesten hans var avsprette. »Sjaa her! skulde du ha set slikt forr-døm-mede fantpakk!« — han skolv all upp, augo stod kvasse og stride, og i kvar kjake fekk han ein eldraud flekk. Det kom slik utokke yver han, daa han vart so upp-øst, at eg skunda meg aa faa han inn paa eitkvart anna. Eg spurde, um han kunde skriva ei rekning paa det han hadde mist, soleis at han skreiv upp og sette pris paa kvar ting. Jau, han skulde greia det, trudde han, naar han gav seg god tid til aa tenkja yver, og so skildest me med den avtala, at eg skulde reinskriva rekningi, naar ho var ferdig, og senda ho aat tilsynsmannen.

Det gjekk ei vikes tid, so kom Hansliguten att med ei rekning paa 22 postar, som alt i alt utgjorde 23 daler 1 ort 9 skilling. Fyrste posten var »1 skab, 2 alen høit og 2 alen bredt, samt laas til samme«, og den siste var »1 klædeskost til 12 skilling«. Men imillom dei var det baade mange og underlege ting uppførde — det var »11 alen med engelskskindtøi«, »et gammelt sadelskabrak«, »2 strømpelægge«, »en bog kaldet Korsets Frugt«, »et halsbind«, »en liden stokk med barberkniv, kost og sæbes«, »en messingkam«, »en svindbefænget gjed til 1 ort 16 skilling« o. m. m.

Eg hadde ikkje anna gjera, en aa laata vel og lova ut