kluft og stengt klokkeballen med. »Hm—m, jau no ser eg hossen det er: det er uppi-sett ei kloff—ft!« sa han.
Ein annan morgon han kom ut i graalysingi og skulde vekkja arbeidsfolket, fekk han auga paa eit manslikjend som hekk etter eit tog kring halsen i turkestove-svali. Hansliguten kolna ned i tærne med ein gong og kom inn i drengjestova styvande, mest fraa seg. »Nei—i, kjære for guds skuld — de maa skunda dykk og koma ut trast, alle samm—men! — det er rektig ein som hev hengt seg sør-i turkestugusvali!« »Nei, kjære vakre, du seier no ikkje so gale lel, Ola?« var det ein av karom som svara. »Jau, det er reideleg sant — kome alle, trast!|« Alle skapte seg forfjamsne og ille ved, og reiv paa seg klædi i hu og hast, for aa koma ut og sjaa detta stygge som hendt var um natti. — Hansliguten stod som paa glør og skolv som ospelauv.
»Han skulde fulla vore nedskoren?« sa ein. »Ja visst skulde han vore ned-att!« »Du gjer fulla vel og skjer han ned, du Ola?« »Nei—i, eg er slett—it-te hoga paa det!« svara han; men han bar likevel til aa draga seg stig for stig burtyver mot turkestova og tenkte aa drista seg til aa skjera armingen ned. Men han stadna for annakvart stig og tenkte seg um. Sist kom han so nære burtaat, at han saag det var berre ein karklædning fyllt med halm som hekk der.
Kvar sundag det var messe ved Heidalskyrkja sat Hansliguten i klokkarstolen og var med klokkaren og song. Og var det ein sundag klokkaren hadde forfall, trod Hansliguten meir en gjenne atti staden — eg saag han var klokkar i Heidalen, eg og, ein gong. Men eg vil ikkje seia, at han var nokon lugom mann i tenesti, hjelp ikkje han saag grovt verdug ut med det lange haaret og det kvite turklædet yver øyro, naar han kom stigande med militærstig fram i songhusdøri, gjorde »holdt« paa dørstokken og nemnde upp dei salmor som skulde syngjast.