Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/260

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
250
Fraa samlagsstyret.

maalbøker. For den skuld kan me gjerne fortelja, at det er landskjende motstandarar av maalstrævet som hev vore lagsmenner i lang tid.

Er det derimot berre denne medlemslista um aa gjera, so maatte det vel alltid finnast ein utveg. Det er ikkje lenger kome med dette endaa, en at ein godt kan lata det heile vera, um det skulde møta nokon sterk motstand. Men elles kunde det vel godt laga seg paa den maaten og, at dei tingarar som ikkje vilde hava namnet sit der, kunde sleppa det, berre dei vilde segja fraa um det. Og so kunde ein berre setja til paa lista, at forutan dei nemnde lagsmenner var det so og so mange tingarar av samlagsskriftet »Syn og segn«.

Noko meir kan ikkje styret taka paa seg aa gjera ved desse spursmaali, fyrr det hev havt dei framme paa eit aarsmøte til aa faa dei avgjorde elder i minsto dryfta der.