aa fremja, med di at kanskje fleire daa vilde halda »Syn og segn«, naar det vart laga paa den maaten. Men etter vaart skyn er det no ikkje so beint fram aa laga dette, som det kanskje kunde synast. Det ser ikkje ut til det er meiningi, at Samlaget skal gjeva fraa seg tidsskriftet. Paa ein maate vilde no denne utvegen vera grei nok; men so lenge me ikkje hev høyrt, at det er nokon som krev elder ynskjer, at Samlaget skal gjera det offeret, no det hev sett tiltaket i gang, og det gjeng so vidt fram som det hev gjort til denne tid, so fær det vel prøva aa halda det i gang heretter og, so godt det kan.
Men det aa hava med tvo slags folk aa gjera, »lagsmenner« og »ikkje-lagsmenner«, det kan verta vrangt paa mange maatar, som med rekneskapen, med loverne og ymist anna. Det norske Samlaget er ein »offentlig institution«, som hev sine lover og stend innskrive i »Statskalenderen« med sit medlems-tal og meir slikt. Helder ikkje veit me av noko anna sovore samlag med ein slik dubbelskipnad, som kunde tena til fyredøme.
Noko sers strenge er dei nok ikkje, samlagsloverne. Dei gjev lagsmennerne rett til, forutan aa faa dei bøkerne som Samlaget gjev ut, aa vera med paa aarsmøti og avgjera dei spursmaal som der kjem fyre, velja styre og meir slikt. Men det stend sjølvsagt fritt for kvar og ein, anten han vil gjera bruk av denne retten elder ikkje. Derimot legg det ingen annan skyldnad paa lagsmennerne en at dei skal svara aarspengarne, det same som ein maatte krevja av dei som vil halda tidsskriftet. Kvar ein som svarar aarspengarne rett og rektig, er soleis fullt verdig lagsmann i Det norske Samlag. Det er ingenting i loverne som krev at han skal vera maalmann, ikkje bokstaven, og ikkje aandi helder, trur me. Fyrste setningen av loverne lyder so: »Samlaget hev det fyremaal aa hjelpa til aa utgjeva bøker paa norsk, landsmaal elder bygdemaal« — ikkje meir — med andre ord: aa faa folk til aa lesa bøker paa norsk. Er dei maalmenner, elder kan dei verta maalmenner av det, so er det vel; er dei det ikkje, so fær det verta deira sak. Samlaget hev ikkje noko tilsyn med dei i det stykket. I røyndi er ein soleis ikkje stempla meir som maalmann ved aa vera med i Samlaget en ved aa halda eit blad elder tidsskrift paa maalet, elder i det heile kjøpa elder lesa