Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/256

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Stormen.


Storhavet ryker fra nord til sud,
det burar og bryt yver fall og flud,
det uler i lufti og læter.
Baarorne dundra som tora og smell
og sprøyter sit skum yver berg og fjell
og saltar med sjø og væte.

Blindskjeret syner sit ufjelge skinn;
det stikk seg upp som ei tiger-kinn —
det glorar løynskt utor haugo.
Dei daude tullar med tarekrans
att og fram i ein ogjeleg dans
og stirer med stive augo.

Skavlarne tunnar som helhestar kring
med flaksande mankar og arge sving,
og villt dei kneggja og skria.
Aa hei deg og hau, det gjeng paa ein deis!
no fer dei mange si siste reis —
i natt skal dei helhesten ria.

Hyttorne skjelv paa sin graaberg-grunn,
paa tunet luskar den svarte hund
og hyler med skum um tenner.
Og ramnen krinsar med kaate skrik
utetter sund og innetter vik, —
det er nok naaluft han kjenner.