»Det er plent som daa lensmannen skulde i vegen
fakka Ømbjørg-guten, dette, sa han Vetlenils.
»Ja du skulde sote hjaa lensmannen, til du hadde lært tagt still, du,« grein faren. »Det er kje verdt du skranglar so med denna grima du heller, Knut.« — Han likte ikkje spøk og staak i utrengsmaal, han Ivar, naar han var i det huglaget.
»Aa stakar Lykkedrengen daa,« sa han Nils, og klappa og strauk den breie blanke ryggjetavla. Faren glaamde vondt paa han.
»Du maatte vita meir en aa kjæla han no,« kvesste han Knut i.[1] — »Ja, det er sant, han vert vond . . . aa drepa, meinte han Nils aa ha sagt; men so haatta han seg.
Dei la paa han grima og fekk han leidd inn i eldhuset. Han Ivar gav grima aat han Knut, hengde av seg trøya og brette upp ermane. Kvar stod paa sit rom; ho Mari med spik-logen, og ho Marit Aasen med kolla og tvora, ferdug som ein tambur, naar det skal vera »parade for fanen« Ingen mælte eit ord. Berre han Ivar murra som inni seg sjølv: »Berre eg raakar rette flekken no daa, og passeleg hardt.« Og so fall slaget. Uksen berre naus og riste paa hovudet; men han Vetlenils var god-til draga so hardt i rumpa, at uksen trødde upp i sleen med eine bakfoten. — Aa ja, uksen fekk ein duv til, og endaa ein; men daa bles han som ein kval, og gjorde eit tverrkast med hovudet, so han Knut slepte grima. Ho Marit hadde alt lea seg burtaat døri, daa ho saag det skeivast med fyrste dasken; men daa han Knut slepte, kasta ho kolla og tok til dørs, og ho Mari kasta spiki og la etter Han Ola og han Nils fór i ein tull yver einannan utyver dørahella. Uksen gjorde nokre fæle grip etter han Ivar og han Knut,
- ↑ Dyret fær vondt for aa døy, naar ein kjæler og skriper det i siste stundi.