»Me skulde vera uppe seinast klokka tvo,« sa han Ivar
til kona, daa dei la seg um kvelden. »Aa ja, det vert fulla
ingen svevn av med meg fyre klokka tri sa han. — Han
innbilte seg han laag vaken mykje meir en han gjorde,
meinte ho Anne.
— »Eg undrast um det ikkje snart lid so me skulde vore uppe, eg«, sa ho Anne, daa det leid ut paa morgoen.
»Hm — han rann paa meg svevnen,« sa han Ivar, og ramsa i seg.
»Klokka hev stadna, og hanen hev gale mange gonger,« sa ho.
»Hev ho stadna att!« Aa ja — desse skarve Lia-klokkorne. Det var no ikkje betre venta helder — berre tri hjul. Berre han snart kom att-bingsand, denne Svaum, so han kunde faa stelt paa rette klokka. Det hadde fulla vorte vel tungt, lodet, daa han hengde paa denne nykelen i gaarkveld, lell daa. Ja sanneleg hadde ho ikkje stadna lite yver tvo! Han ut i svaldøri aa sjaa etter Vagnstjerna, og den stod alt paa Vetahaugen, so klokka skulde nok vera vel so tri den. »Huff, det er kaldt!« han kom inn att og gruste. Det var nok best taka til ryskja i gutane; det plar taka tid faa dei karane vakne.
Han ut i kovedøri.
»Upp no, Knut!«
»Jaa.«
»Og Ola og Vetlenils! upp no! Me lyt i vegen aat stor-uksen. Me hev forsove os.«
Det var liksom den store stundi, som var so nære for haandom, gjorde dei braavakne med ein gong. Men han Vetlenils var fyrst til fara i broki, og inn i peisen til faa paa seg sokkane. Dei reiv i seg morgobiten — ein ertebrods-klining og ein svelg mjølk. Han sjølv tok ned blekk-lykti, tendra i ljos, og so bar det yver garden burt i fjoset.