kaldtokka hermar etter honom, der han fór, som ungane vart farande og gala uppatt. Vissa var han Vetlenils so ferdug til slikt Og ikkje var det slikt millom dei, at han gjerne vilde be han um nokor beinka heller. Nei, han skulde nok greia det sjølv, berre han tok seg tak og stelte seg vel paa; for det var no berre eit tiltak med den slagtingi au. Og so var det ikkje fritt for det hekk att so mykje ungdom i honom, at han hadde hug til gjera eit lite meistarstykke endaa.
Ja so vart dagen fastsett, og kvelden fyrr gjorde dei alt i stand. Ho Marit Aasen rudde upp i eldhuset og bar inn ved og vatn. Pylsepinnar hadde dei spikka fyrr um kveldane. Han sjølv og gutane bar inn sleane som uksen skulde veltast nedpaa, og so heldt han som ein eksis der med sleom, og lærde dei kva kvar skulde gjera, og korleis dei skulde bera seg aat. Han Knut skulde halda i grimeskaftet med ei hand, og i eine honnet med hi, og setja mulen paa uksen godt upp. Han Ola skulde staa med ein handspikar og setja under vombi paa uksen og innpaa sleen, og so skulde han gjera ein vipp, paa lag som naar ein velter eit møkalass. So skulde han kasta handspikaren og fata reiphelda med vinstre og reipet med høgre handi og gyrda uksen fast. Han Vetlenils skulde halda i rumpa og gjera ein rykk innyver sleen, so bakenden au kom innpaa. Det var ingen av gutane som nemnde dasken, og ikkje han sjølv heller; han likte aldri aa høyra ord som »drepa« og slikt, og aller minst no, men alle visste det var dasken som var »signalet«. So var alt reidugt. Sleane stod midt paa golvet, med reipet greitt upplagt, handspikaren var sett i roi ovan døri, smiesleggja i roi framfor peismuren, og tvo nyslipte knivar i ei veggjesprunga uppyver sleggja. Paa ein krakk ved glaset stod det ei kolla med gryn og tvora. So var dei paastelte, og aat og la seg.