gjort, og litor pina for dyret, sjaaande til. Men dei kunde no segja kva dei vilde, — det stod kje til, at kjøtet vart korkje so pent eller so godt som daa dei brukte den gamle gjerdi.
Ho Anne hadde nok gote paa, at dei skulde faa fat i han Erik; men det meinte han Ivar det skulde ikkje verta noko av. Han Erik var elles ein stillfarande og sedeleg mann, som han Ivar sa; men i slagtartidi var han reint som eit anna menneskje. Det var sagt, at dei saag det paa gonga hans lang veg, naar han var »ute paa drepings, som han sjølv kalla det. Han gjekk som paa hjul, og naar han kom inni svali med slagtar-øksi, trødde han mykje tyngre i golvet en derimillom. Smaagutane kalla han jamnan »Erik Blodøks«; dei hadde set det namnet i »Jensens læsebog«, og tykte det høvde. Dei smaa baani trudde det var rette namnet hans, og var rædde naar han kom paa garden; for daa var det jamnan det spurdest daudt, og det var aldri godt aa vita, kor det kunde ganga med blakkbukken eller vetlelambet, naar det styggjelset kom brytjande. — Nei, han hadde set seg lei paa han Erik der i Sygard den gongen. Han heldt slikt leven, skratta og skravla, so ein kunde høyra han yver halve bygdi, dommenerte og kommederte, so han Per, sjøl mannen, flaug som ein piska katt. Det var som det skulde vore hans Erik alt saman. Og so var det slik ei høgtid og høffelering; so vilde det til drammar og eitkvart anna godt, og so heile 12 skilling i slagtarpengar. Og so var det mest berre i storgardom han vanka; det kunde verta halde for ei slags storheit au.
Han Ola Gamleplassen var fulla ein gong kverv nok, og han fór mykje i smaagardom og plassom paa slagting. Men dei hadde det ordet paa han, at han slo for hardt, so blodet stadna med ein gong, og kjøtet vart utsjaaand som ein blodsege alt saman. Han Ola hadde vore ei kjeftriva og slaastbikkja i sine unge dagar, og det vart støtt att nokre