gamlemerri vaar, naar eg skulde køyra med henne, daa eg var gutunge; men berre han far tok i taumarne, so kom det eit heilt anna liv og mod i henne, endaa han aldri so mykje som sa eit vondt ord til henne, han.
Ein annan grunn hadde eg og til aa sjaa med ein viss godvilje paa denne damphesten, naar han no fór pustande og stynjande med sine gruslass framum meg uppetter dalen. Det var naar eg saag paa desse »middags«-husi elder »kvartéri» som hadde reist seg attmed landevegen. Det eg hev set, so trivst dei ikkje attmed jarnvegen slike, og eg skal undrast paa, kor mykje det er att av dei, naar eg no kjem der ein annan gong. For so vidt kunde ein ynskja jarnvegar baade her og der, der det kanskje kunde trengast vel so mykje til dei og, paa den maaten. For i Gudbrandsdalen er det no etter maaten lite aa sjaa av denne framand-friingi endaa. Ein ser ikkje der, at det eine hotellet er bygt midt for nasa elder utyver hovudet paa det andre, som dei hev gjort ymse andre stader, truleg for aa gjeva utlendingarne endaa meir aa bisna paa, naar dei kjem her til landet.
Og so maa ein no segja det og, at naar ein hev traska heile vegen fram og attende mil etter mil, so smakar det godt aa setja seg i ei traust vogn, mest som i ei gudbrandsdalsstova, naar det er av rette slaget, og so lata damphesten draga seg, utan ein treng so mykje som aa halda ei svepa i handi, framum baade skjussar og hjulryttarar. Dei vert so undarleg spakferdige alle slike, naar ein ser paa dei fraa ei jarnvegsvogn. Attaat det fær ein segja, at um ikkje ei jarnvegsskrei tek seg vidare godt ut i landskapet, utanfraa set, so tek ikkje landskapi seg verst ut, naar ein ser dei fraa ei jarnvegsvogn. Det kan vel stundom verta helder lite tid til aa sjaa etter, men det kan no vera forfriskande til eit umbyte ein og annan gong aa faa ei slik flugt i tankarne sine, lata dei jaga kvarandre gjenom hovudet, som dei fór paa jarnvegshjul dei og. Berre det ikkje var denne svarte sure røyken, som alt i eit slær inn og minner ein um kvar denne dansen endar, og kva det daa vert aa ganga paa.
Syn og segn. 16