Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/239

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
235
Til fots.

som ikkje var til aa kasta paa rateloftet. Det kan snart koma den tid, at folk tek til aa leita etter det att, og daa skal me sjaa det kjem vel med aa hava slike bygder som korkje hev late seg seinka av trengselstider elder riva med av floksetider, men hev halde sambandet heilt og framgangen jamn og ubroten fraa vaar gamle velmagtstid, — ein stad der folk kan faa sjaa og læra norsk mynsterstell. Dermed er det ikkje sagt, at alt det som høver so vel i Gudbrandsdalen skulde høva likso godt, slikt det er, i kvar onnor bygd i landet. Ein fekk vel lempa og laga paa det med, etter tid og stad. Men so mykje maa ein kunna segja, at det skulde daa vera høvelegare og lettare aa lempa og laga inn i norske bygder en det som vert teke beint fram fraa byarne elder fraa utlandet.

Berre no Gudbrandsdalen fekk lukka til aa halda ut og halda fram sameleis heretter som fyrr. Men det vert vel hardare og hardare aa halda imot for kvar tid som gjeng. Alt no ser ein desse ulenkelege krake-armarne og mannæt-traadarne tøygja seg lenger og lenger upp etter dalen, ikkje berre etter hovuddalen, men upp etter sjølve sidedalarne vert ein forfylgd av desse traadarne, heilt til fjels. Langt nede i Gudbrandsdalen saag eg denne gongen ei slik mannæta, »centralstation« trur eg dei kalla det, med traadar ut til alle kantar, utyver heile bygdi. Det var eit med dei uhuglegaste syn eg hev set. Kva ein no vil segja um desse nye aatgjerderne, so er det ikkje mange av dei ein skal finna vidare hamlege og hugsame aa sjaa til. Ikkje desse kongurtraadarne som tøygjer seg uppyver hovudet paa ein, mil etter mil; og ikkje dette leddyret som bugtar seg upp etter dalarne, stynjande, gneistrande og gnellskrikande, sender svart illtev ut yver bygdi og skræmer upp alt levande paa lang lei. So lenge ein ikkje hev fenge dei skaplegare, so var det vel rettast, som dei gjer sume stader, aa gøyma dei av i jordi. Det er ikkje ventande helder, med den