Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/235

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
231
Til fots.

vissa naar det er norsk, dei hev det so annvint med aa prenta inn i folk, at han er hard med veden. Dei saag gjerne peisen umbytt med ein. svartslikjande, luktande kol-omn, berre dei fekk sit fram. Kunde dei ikkje helder finna paa det raadet, aa faa folk til aa læra seg til aa tola lite meir kulde um vintren og spara paa veden og skogen paa den maaten. Gjeng ein berre rimeleg klædd, so skal det ikkje stor husvarmen til; det vilde berre vera til endaa større vinning paa friskleiken, helsa og herdsla og nordmanskap. Ja her kan du stella deg som du var heime. Det er dit aa kalla alt saman dette, den stundi du er her, dit aaleine. Det kjem ingen av vaare farande folk inn paa ein slik gard, ikkje for aa gjeva seg til der i minsto. Det einaste kan vera ein og annan finnlendingen. Dei folki er no noko for seg sjølve, dei. Det maa visst koma av det, at dei hev havt so mykje maalstræv. Dei segjer det dei, at nytt, det fær ein alltid sjaa nok av, og meir en nok, kvar ein kjem no for tidi. Men noko som er gamalt, gamalt og i sit rette lag, paa eigen grunn, det er ikkje titt aa faa sjaa i vaare dagar.

Vaare eigne byfolk derimot, naar dei kjem inn Paa ein slik gard som snarast, og dei ser dei usminka tjørebrune veggjerne, og ikkje noko slags hamsing og klining inne helder, so trur dei det er berre reine armodsdomen. Dei kan ikkje tenkja seg velstand og folkestell utan byfjøgl. Og dei fører seg daa ogso deretter. Det er ikkje tale um at dei kan njota nokon ting paa ein slik stad. »Det er middag aa faa paa H. . . (næraste skiftet) — er det ikke saa?« — Kanskje det daa alt er høgst middag, og kanskje eg nettupp sit i høgsætet og fær meg middagsmat — spekekjøt og flesk elder fjell-aure og andre gode ting. Men det læst dei ikkje sjaa. Det er ikkje middagsmat dei skal hava seg, men »middag«, elles var nok dagen spilt for dei. — »Jo, kanske Di kan la os faa noe melk . . . straks! aassaa noen