benken inmed veggen med dei breie stokkarne og dei greie veggjafellorne. Det er so hugsamt aa halla seg inn til noko so trygt og trufast, ikkje ottast at ein skal slaa nakken igjenom eit papirflak midt inn i eit leirflak. Det er plent som lufti og alt var endaa friskare en ute; men det kjem no vel helst av det, at ein elles er so vand med aa kjenna noko dauvt imot seg, naar ein kjem inn i eit hus. Kva skilnaden kjem seg av, er no lett aa faa syn for. Det er ingen fillor elder valkar her til aa samla og halda paa dauvskapen. Alt er fritt tilgjengelegt for rein luft og vatn.
Og det er ikkje noko helder her som treng skjul elder hylster. Den husbunaden du ser her vil kanskje synast deg drjug og før mot det sprinkelverket du helst er vand med. Men ser du rett etter, og hev lite grand auga for slikt, so ser du det hev ein sving alt saman, som gjer det makalaust fint likevel. Det er kunst, utan klutr. Ingen utkrotingar, korkje med kniv elder pensel, paa noko av det som er til kvardagsbruk. Slikt høver no ikkje helder, kor gildt det kan vera, til anna en stasstykke. Det einaste kan vera det store klokkehuset, som no alltid er noko for seg sjølv og meir framifraa fyre seg gjort. Eg veit ikkje rett kva det kan vera, som gjer desse gamle klokkorne med sine klokkehus so reint hugsame, meir en nokon annan ting i eit hus. Det er som ein ser paa dei, at dei veit kvar dei høyrer heime, og ikkje er til aa slengja fraa den eine hylla elder skaapi til den andre. Og so denne jamne støe tikkingi, — det er ikkje noko fjas elder vingl der.
Men eg gløymer peisen, han far sjøl i stua kor som er. Det hev vore sagt, at det skal vera latin elder fransk i honom og, i minsto i namnet. Men kvar han no kan vera komen vandrande fraa, saman med eventyri truleg, so er det daa visst, at det er her han hev fenge sin rette heim og si rette gjerd, liksom eventyri. Dei høyrer i hop. Alle dei som aldri kan tola noko gamalt her i landet, i