Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/233

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
220
Til fots.

er byen som sender sine trivletraadar ut etter deg og vil suga ut av deg den friske livskrafti du no hev samla. Men er du ikkje altfor trøytt, so er det no raad aa koma framum. Vegen er daa fri likevel, og eg kan trøsta deg med, at i Gudbrandsdalen er det no endaa kvilestader aa finna, so høvelege som dei nett skulde vera laga for slike karar. Du fær berre vera noko umsynleg i fyrevegen, sjaa vel etter i reisebøkerne etter dei skifti som det der er sagt minst um — berre so vidt nemnt namnet og ordet »station«, men ikkje noko um »middag« og slikt, elder um »kvartér«, og slett ikkje noko um »godt« kvarter — daa kan du vera viss um det er so godt som du paa nokon maate kan ynskja deg det.

Naar du kjem fram til eit slikt skifte, so ser du ein krinsel tjørebrune bygningar midt uppaa ein haug eit godt stykke upp fraa vegen; — han er 3—4 hundrad aar gamal, som han no stend der, denne garden, skal eg segja deg, so han er ikkje lett aa rikka. Fremst i laget stend gjestehallen — skaalen tykkjer du no helst du vil kalla det, — høg og roleg, og helsar deg velkomen paa gamal vis. Det adels egte syner seg alt med fyrste augnekast. Ingen farge som skjaarøyter; ingen paaklint stas, ikkje so mykje som ei fjølspildra til klædnad paa heile den breie veggen. Men trur du han skal vera det minste morken, so fer du i mist. Desse breie føre stokkarne er reine adelen all igjenom, slik som han ikkje finst lenger no her i landet, utan kanskje i dei øvste bygder i Gudbrandsdalen. Du tarv aldri ottast for ein slik bygnad. Berre lat han faa staa i fred du, so skal du sjaa han er plent den same likso mange hundradaar heretter som no.

Onnor innbjoding treng du ikkje aa venta paa. Hallen stend open, og du kan trygt og rolegt gaa inn og setja deg, der du best likar. Godt ryggstøe for ein trøytt kropp er det no aa finna kvar du vil, men aller best kanskje paa