annan hedemarking; men dei og høvde so godt med i laget, so ein gjerne kunde tru dei var fødde paa sine fjellsætrar der. Me hadde god tid den gongen, og me gav os god tid. Paa kvar stad me gav os fyre noko, var det reint eit tak aa riva seg laus att Men daa me so endeleg kom ned etter vegen til ei hotell-bygd i Valdres, so kom det med eitt imot os »spaserende« tvo damer med parasoller og ein herre med snipp og mansjetter og annan tilbunad. Dei var visst elles so meinlause som folk til vanleg er, og tenkte ikkje paa noko sers vondt, vil eg tru. Men det gjekk i os baae tvo paa ein gong, og eg saag paa kamraten min, men so myrk som han var i augo daa, veit eg aldri eg hev set honom.
Ja eg veit ikkje skileg korleis det kan vera med det ein mann skreiv um her um dagen, at snippar og alt det skulde hava slik magt til aa daara bønder og halvbønder. Med alle er det no ikkje so, det kan eg trygt segja. Eg vil ikkje ein gong tala um dei bønder som gjerne kunde hava so fine snippar sjølve som nokon prins,[1] um dei vilde. Men elles skulde eg tru, at no i vaar tid, daa nokon kvar hev lært aa kjenna til kva det er i desse snipparne, at det er berre potetesmjøl, so er det ikkje mange ein kan setja age i med dei lenger.
No ja, so lenge ein berre gjeng etter vegen, etter »djupaste dale«, kan ein vera trygg for ein ikkje fær so mykje med ferdesfolk aa gjera. Det er knappast ein einaste av dei no lenger som vilde finna paa aa gjeva seg i lag med ein slik kropp. Ein ser ikkje meir til dei en ein og annan blinken, naar ein møter dei elder dei fer framum,
- ↑ Med det same kan me faa retta »ein pris« som var komen inn i staden for ein prins i stykket »Maalkrig« i fyrre nr. i ei av dei øvste linorne paa s. 182. Derimot slike smaating som »Bjørson« for Bjørnson er det vel knapt nokon som hev set ein gong, og daa er det vel ikkje verdt aa peika paa dei helder.