Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/229

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
275
Til fots.

ikring. Men det er so rart med det, naar ein soleis eins erend skal gjeva seg til berre aa njota og gleda seg i livet, liksom tvinga seg til det, so skal det vera vandt um det fær sit rette lag. Er det noko som ikkje lyder bod og tvang, so er det vel livsgleda. Ho lyt helst faa lov til aa koma fritt, naar ho vil, og som ho vil.

Ein kunde vel meina det kan vera ymist til meins for ein fotmann og, til aa gjera avtak i livsgleda for honom, slikt som saare føter t. d. Men med den ting er det no ikkje so faarlegt, naar ein veit aa taka det paa rette maaten. Kunsten er berre den, naar det tek til aa verkja i den eine foten, aa faa det til aa verkja i den andre og. Daa vert den fyrste foten so glad for det den andre og fær sit aa dragast med, at han gløymer reint aa verkja, — ja det kjennest slik lette og sæla i honom, at ein trygt kan segja det veg upp verken i den andre. So lenge varer ho no ikkje, som det jamnast vil vera med slik gleda; men so snart verken tek til att i den fyrste foten, so kjem turen til den andre til aa gledja seg kanskje endaa betre. Paa den maaten vert det syrgt for baade umbyte og jamvegt heile vegen, so visleg som det kan vera. Det er nettupp dette naturen er slik meistar til aa greia, der han fær raada og det ikkje vert sett alle slags paafund og steglingar i vegen for honom. Men etter kvart ser det no ut til han fær bugt med dei og, um dei er aldri so mange.

Um det daa stundomtil skulde koma til det, at vondskapen, det vil segja tvang og trykk, fær yvertaket, so er det berre aa finna seg eit fredlyst rom, nett som ein helst vil ynskja det og velja det, kasta av alt som trykkjer og trengjer, leggja seg attende i skuggen og lata den skire lufti salva føterne med sin balsam og strjuka dei med sine silkemjuke lokkar. Kva slike stunder veg upp, det er ikkje berre dagar med trav og tjaak, men heile aar i dauvskap og tykkjeløysa. Elder um ein vil gaa til toppen av njoting med ein gong,

Syn og segn. 15