det er for noko. Ein skulde ikkje tru ein slik kar hadde det so annigt med verdi; men er det ein stad ein gjerne vil gjeva seg tid, so kan ein vera viss med han tek til aa umla um at han maa skunda seg heimatt med øyken.
Nei daa skulde vel ein av desse hjulhestarne nettupp vera den rette for ein som vil fara frels og fri i alle maatar. Med den er ein fri alt andsvar for andre en seg sjølv, og slepp aa hava meir med skjussgutar elder anna folk aa gjera en berre som ein vind, naar ein fer framum dei. Og billeg er ho og aa fara med, ei slik akedoning, naar ein fyrst hev henne. Det skal ikkje vera mange vendorne ein gjer, segjer dei, fyrr ein hev køyrt inn att utlegget til henne. Og ein fekk vel sjaa til aa finna seg so mange erend aa fara etter, so det kunde verta raad til di. Visst er det, at det fell dubbelt tungt aa labba atti vegen, der ein hjulmann hev fare framum. Ein kjenner seg mest som ein snigel paa ei jarnvegs-lina. Men naar ein so legg merke til, korleis desse hjulryttarane, hjulmenner og hjulkvinnor, sit med baae augo spila fram og ned, ende burtetter vegen, so maa ein til aa undrast paa, kva det er desse folk ser etter, — og kva dei fer etter. Paa eit skifte midt i Gudbrandsdalen kom det farande inn ein hjulmann og skulde hava seg ein halv liter mjølk og tri bakkels, — dei maa vega vel kvart grammet, desse kararne. Han fekk daa so vidt tid til aa fortelja, at han hadde fare fraa øvste grendi i Sjaak um morgoen, og skulde til Vetlehamar same dagen. Eg laut daa spyrja meg sjølv, kva denne karen kunde segja han hadde set av Gudbrandsdalen, naar han var framkomen. Det kunde vel ikkje verta vidare anna en vegen det, og det som er aa sjaa paa den. Men so vidt eg veit, so er no ikkje der anna rart aa sjaa en etter andre køyrevegar.
Slik braahast hev dei no ikkje alle hjulmenneskje, kan ein vita, og dei kan daa sjølvsagt kasta seg av og kvila her og der, der dei tykkjer det er mest hugsamt aa sjaa seg