Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/226

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Til fots.


Naar dei fyrr i tidi tala um fot-turar, so meinte dei slike som gjekk tvers igjenom landet, fraa det eine hyrnet til det andre. Det var langferder som fraa Oslo by yver Kongsberg og Telemark elder Numedal til Hardanger, upp Hallingdal elder Valdres til Sogn, og endaatil gjenom Østerdalen radt til Trondheim, elder i minsto fraa Vetlehamar til Trondheim elder Romsdalen. Paa slike ferder kunde ein daa faa strekkja beini sine, og etterpaa kunde ein ogso skriva »ferdaminne« som det var noko i.

Ein fot-tur i vaare dagar vil segja aa sitja i ei jarnvegsvogn elder paa ein dampbaat den eine helvti av vegen, og kanskje det meste av den andre helvti og. Sidan aa sitja endaa stramare i ei kjerra elder ein karjol uppetter eit dalføre og innetter ei hei, fram til elder inn i sjølve fjellheimen. Daa er det kanskje so vidt ein kan faa bruka beini til aa kliva upp paa ei høgd elder ein tind og sjaa seg ikring, elder, naar det kjem høgt, aa rakla yver ein fjellrygg til eit anna dalføre, der ein kan faa setja seg i kjerra att Men det er daa folk som hev so mykje skam i seg likevel, at dei kallar ikkje dette fot-turar, men fjellturar.

Dei gamle velkjende farvegarne er no snart heilt gløymde. Det er ingen lenger som veit, kvar »Trondheimsvegen« gjeng, utan det endaa skulde leva att ein og annan som i si tid hev fare honom. Dei veit ikkje av nokon annan Trondheimsveg no en ei gata i Oslo, som dei kallar so. Og