Jau han var ein underleg sole, og etter eg lærde aa
kjenna han, var det ikkje noko som heta meg verre, en
naar kvinnfolki likna meg attaat Hansliguten.
I baandoms-dagom vart Hansliguten so vitskræmd, av di han saag mor si hadde nedfall-sott sume tider, at han kom til aa erva det all sin dag. Naar han saag mori fekk att sjukdomen, kom det slik vitlaus ræddhuge yver honom, at folk som saag det, tykte det gjorde meir illt aa sjaa gutungen en mori. Det leita paa vitet hans, og difyr vart han ikkje som andre baan heller — han hadde so underlege rykkjer og brukte ulugume fakter og avlæte. Og det vilde ikkje veksa av honom med aarom heller, men hekk ved han paa mange maatar. Men lærenæm var han, og han lærde so snøgt baade aa lesa og skriva, at folk tykte det var noko rart — han kom og lenger med di en dei fleste av sine jamlikar den tidi.
I beste ungdomsaarom var Hansliguten ein grov galning. Paa kvart eit stim og staak han var god-til aa spyrja ut, var han med, dansa og stimde, skapte seg og for med so laglause fakter og vyrlaust kjeft-bruk, at folk baud imot baade høyra og sjaa han. Det stod ord av honom baade vidt og breitt for ufellnaden hans, den tidi han var paa sit villaste.
Han lærde seg til aa blaasa klanette for det fyrste, og det vart han gild til. »Ho er av egte buks-bomm-m-m, jamndyr ved sylv, og søkk i vatn som stei-i-in!« sa han um klanetta si. Seinare byrja han laata paa fela, og det gjekk so svint og, at alle tykte det var mykje av det. Og paa fela vart han ein med dei beste som fanst i bygdi det leitet; ho lét reint og sterkt, fela hans, og fekk han høyra ein ny slaatt eit par gonger, var det dimed gjort aa læra han, um han var aldri so vanskeleg.