Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/202

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
198
Hansliguten.

morsk ut, mea han fór yver det me hadde skrive. Sume av oss vart so andløgde at dei frøste, sume stirde mest utor seg augo, og dei minste, som dreiv og stava paa tabellom burti roi ved brandpipa, vart so rædde at dei bleikna — han kjem fulla her og, tenkte dei. Han Knut stod attanfyr Hansliguten og saag illt paa oss som log, og riste paa hovudet aat oss.

Seinare um vinteren var han inne paa skulen fleire gonger, og kvar gong han kom der, skulde me ha songtime; og det hadde ikkje han Knut imot heller, for Hansliguten var glup til aa syngja — det var baade sterkt og fint maal han hadde. Berre det ikkje var salmor det bar til med, for daa gjekk det gale kvar einaste gong. Og det var ikkje aa undrast paa: kvar gong Jesu namn vart nemnt i salma, la Hansliguten seg attyver med yverkroppen og bøygde knei mest i golvet, so dei store frakkeflaki gjorde ein drjug svarv attigjenom, og sopte etter golvet, som tvau aaklæ, naar han rette seg uppatt. Og baketter ei slik knebøygjing var det ikkje bjoande til aa faa maalet upp att for oss, um so han Knut saag aldri so illt paa oss for det.

I dei næraste aarom deretter var det berre so ein og annan gong langt imillom eg saag Hansliguten; dei sa han skulde bu i eit kvennhus ved Bergdøla, og naar han var her i grendi, gjekk han etter eitkvart som stod honom til av ei føraad han hadde av den vetle garden han var komen fraa. Kvar gong han fór, var han inne heime, og støtt var han den sama — tallikhuva, øyreturklædet, frakken og staven saag aldri ut til aa skifta.

Det kosta meg aa halda meg stø, naar han kom i huset og byrja gjera rare fakter og underlege avlæte. Det gjekk som etter takt, naar han lette att døri, steig det lange stiget sit og helsa, og soleis var det all vegen sea og — antel han la fraa seg huva og vottane og reiste fraa seg staven, eller han gjekk burtaat klokka for aa sjaa kva ho