Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/201

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
197
Hansliguten.

og so saar i smalryggen, at det var mest ikkje utstandande — kvar gong eg strekte armane, stakk det so illt i høgre sida. Tyrst heldt eg paa vart og. Gud gje eg hadde havt ein vats-svelg! Hadde det ikkje vore den skammi, so — skulde eg teke spranget uppum staburet og gøymt meg i stallen! Aa, gudskjelov — no skyl han av slipesanden: no er ho ferdugt! Nei — Gud trøste — endaa var ho ikkje — —!

Nei daa sette det seg noko hardt, saart og turt uppi halsen, og det bar til aa verta skya for augom, so eg saag korkje Hansliguten eller bila lenger. Men just med same det fyrste hikstet ryktest gjenom meg, var bila ferdug. » Eg armar deg nok ut, eg, farr — min, men no skal du au regti ha sto — or takk for hjelpa!« sa han og turka vel eggi med handi. Eg drog meg inni stova att so saar og ende i kvar lem, at eg skolv som eit lauv.

Soleis var fyrste møtet millom meg og Hansliguten.

Vinteren etter gjekk eg i skulen, og meiner du ikkje Hansliguten kom inn der og ein dag med tallikhuva, øyreturkle, den fotside frakken, staven og heile stasen. Han hadde med seg ei avbragsleg tobakspipa og no, — røyri stod utor frakkelumma og rokk mest uppunder oksli hans.

Elles var det sama gjerdi paa honom all upp no, som daa han var heime og slipte, baade naar han lette døri att etter seg, og naar han steig innyver golvet og helsa.

Det saag ut til, at dei var gamalt kjende han Knut skulemeistar og Hansliguten; han var so snøgg til aa finna fram tobaksrullen sin, han Knut, so dei fekk seg ein god røyk, mea dei sat og rødde framved kaklomnen. Best dei sat, tverssnudde Hansliguten seg paa krakken, kjerrde med nakken og saag burtyver benkjerne aat oss; um lite reiste han seg upp og kom drivande med lange kvasse stig og vilde sjaa skrivebøkerne vore. Etter som han tok ei i handi, rette han seg upp, sette eine handfjøli for augo og saag fælt