Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/197

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Hansliguten.

(Af Ivar Kleiven.)


Det hev vore eit gamalt ord, at kjært baan hev mange namn, og var det etter di det gjekk med Hansliguten, laut han vera eit avhalde menneskje. Dei kalla han Stor-Ola, Storen, Stor-guten, Lia-guten og Hansliguten, etter som det fallt seg; sjølv nemnde han seg støtt Ola Brurusten, etter han vart meir til-aars komen. Det skreiv han seg for og, med slik ein morsk slyng yver t’en og nokre gilde krullar attunder namnet — mest som namnet aat ein faut i gamle dagar. Men etter di han no var fødd og uppalen i Hanslien, skulde det sjaa ut til aa vera det høvlegaste, at han ber namnet etter fødestaen, som skikk og bruk hev vore all sin dag.

Den fyrste gongen eg lærde aa kjenna Hansliguten, var eg berre paa sjauande aaret, og det gjekk mest som so handkeivlegt fyre seg, tykte eg, at eg mintest det kvar gong eg saag han sea. Eg kunde ikkje just seia, at han var so reint framand for meg likevel, for di um eg ikkje hadde set han — eg hadde høyrt mykje gjete honom, maa vita. Og etter som ordet gjekk um han heime hjaa oss, hadde eg ei von um, at Hansliguten maatte vera ein underleg hause. Eg skulde vera ein grov vill-styring det bilet, eg, etter som det lyddest millom kvinnfolkom i huset, og naar eg fekk eit slikt kaat-el, at eg ikkje visste korleis eg vilde skapa meg til eller fara aat, var det støtt einkvar av dei som sa: eg meiner

Syn og segn. 13