Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/134

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
130
Eit møte.

hadde folki teke seg ut eit styre, fekk dei lita seg me’ dan rettleiingi so styre fann høvele. Han sa beint ut, atte da kom te verta berre preik aa vas pao eit slikt møte.

»Da e plent hoggande da sama so te slengja førklaaringsboki aa ta te me’ abc’ao atte.«

Nai, eit slikt møte laut dei ha.

Ja, ein flokk møtte fram, aa styre la ut om festen pao beste maoten. Men so va da no ditta, atte da vanta dei hus.

Dei hadde tenkt paa skulehuse elde tingstaavao, men da kunde henda atte da vart for traongt dar.

No tok dei te snakka om ditta. Seigt aa sømele i adle maota snakka dei.

»Da va no rao te sjao pao skulehuse,« meinte ein. »Da va sagta bra hus, da — —«

»Tingstaavao va kansje for liti; men — da va goe rao. me’ te gao sta aa skaa-a pao huse — —«

»Nai, tingstaavao e for liti, e eg rædde —«

»Ja, seie du da —?«

»Skulehuse vert da besta, lel — —«

»Eg trur meste da vert for traongt, da ogso — —«

»Ein kunde no sjao pao da — —«

»Hadde eg visst om da hin dagen, eg va nea-føre me’ ei kjyr so’ skulde pao dampen —«

»D’e so ilt om stundedn, no —«

»Ja — inkon lyte no sjao pao da — —«

»Skulde me kje velja nokre menn te leita ut eit høvele hus — —«

Han Nils i Vikadn hogg i:

»Va kje da beste,« sa han, »atte dei valde nokre menn te sjao pao skulehuse, aa nokre menn te skaa-a pao tingstaavao? Aa da adle likaste va, atte dei tok me’ seg eit dugele laongt børatog kvar aa mælte veggjedn; te mæla me’ tomestokka, da skulde godt gjerast — —«