Til ein signande er eg vorten og ein ja-segjande; til
det maal tevla eg lenge og var ein tevlar, at eg ein gong
skulde faa henderne frie til aa signa.
Men det er mi signing: aa staa yver alle ting som sin eigen himmel, som sit runde tak, si himmelblaa klokka og evige trygd; og sæl er den som soleis signar!
For alle ting er døypte ved allkjelda og burtanfor godt og vondt; godt og vondt er sjølve berre millomskuggar og væte-eimar og dragskyer.
Sanneleg, det er signing og ikkje spotting, naar eg lærer: »yver alle ting stend himmelen Tilfelle, himmelen Uskuld, himmelen Slumpehøve, himmelen Ovmod.« — Med det løyste eg alle ting fraa trældomen under gagn og fyremaal.
Denne fridomen og himmels-klaaren sette eg som ei himmelblaa klokka yver alle ting, daa eg lærde, at yver dei og gjenom dei ingen »evig vilje« — vil.
Denne kautskapen og narreskapen sette eg i staden aat hin viljen, daa eg lærde: »Ved alt er eitt umogelegt: samanheng!«
Eit konn av tanke kanskje, eit fræ visdom bytt og spreitt fraa stjerna til stjerna, — denne surdeigen er innmengd i alle ting: for narreskap skuld er visdom innmengd i alle ting!
Eit konn visdom er nok mogelegt; men denne sæle trygdi fann eg i alle ting, at helder vil dei dansa — paa høvespel-føter.
Du himmel yver meg, du reine! høge! Det er meg no din reinleik, at det er ikkje nokon evig visdoms tanketraadar og tankegarn, — at du er meg eit dansegolv for guddomlege slumpehøve, at du er meg eit gudebord for guddomlege terningar og temingspelarar! —
Men du rodnar? Sa eg noko usegjande? Spotta eg, i di eg vilde signa?