Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/123

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
119
Overmennesket og det siste mennesket.


»Me hev funne lukka« — segjer dei siste menneski og blunkar.

Dei hev gjeve upp dei lendi der det var hardt aa leva: for ein treng varme. Ein elskar endaa grannen og gnurar seg inn til honom: for ein treng varme.

Aa verta sjuk, aa hava mistru, held dei for ei synd; ein fer varleg fram. Ein daare den som snaavar yver steinar elder menneskje!

Lite-grand forgift av og til: det gjev hugsame draumar. Og mykje forgift til slutt, til ein hugsam daude.

Dei arbeider endaa, for det er tidsfordriv i arbeidet. Men dei ser til at tidsfordrivet ikkje tek paa ein.

Ingen vert fatig og ingen vert rik lenger. Det eine som det andre er brysamt. Kven vil styra lenger? Kven vil lyda? Det er for brysamt baade det eine og det andre.

Ei hjord og ingen hyrding! Alle vil det same, alle er like. Den som tenkjer annarleis, gjeng sjølvmint i daarekista.

»Fyrr i tidi var all verdi daarleg,« — segjer dei finaste og blunkar.

Folk er kloke og veit alt som er hendt: so er det helder ingen ende paa alt dei hev aa spotta med. Dei trættar, men forliker seg snart — elles kom magen i ulag.

Dei hev si smaalyst for dagen og si smaalyst for natti: men helsa framum alt.

»Me hev funne lukka« — segjer dei siste menneski og blunkar. —

Og her enda fyrste talen hans Zarathustra, som og er kalla »fortalen«; for her stansa folket honom i talen og skreik forhuga: »Aa, Zarathustra, gjev os dette siste mennesket« — so ropa dei, — »,gjer os til dette siste mennesket, so kan du gjerne faa hava overmennesket!« Og alt folket