Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1896.djvu/121

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
117
Overmennesket og det siste mennesket.

smaahugnad. Men mi lukka skulde gjeva sjølve tilværet meining!«

Den stundi daa de segjer: »Kva gjeld det um min visdom? Hungrar han etter vitskap som løva etter rov? Han er armodsdom og ureinskap og ein ynkeleg smaahugnad.«

Den stundi daa de segjer: »Kva gjeld det um mi dygd! Endaa hev ho ikkje gjort meg brennande. Kor eg er trøytt av mit gode og mit vonde! Alt saman er det armodsdom og ureinskap og ein ynkeleg smaahugnad.«

Den stundi daa de segjer: »Kva gjeld det um mi rettferd! Eg saag ikkje, at eg vart eld og glo. Men den rettferdige er eld og glo!«

Den stundi daa de segjer: »Kva gjeld det um min medynk! Er ikkje medynk den krossen der han vert nagla fast som elskar menneski? Men min medynk er ingi krossfesting.«

Tala de alt so? Skreik de alt so? Aa, um eg alt hadde høyrt dykk so skrika!

Ikkje syndi daar — nøgsemdi daar skrik mot himmelen, gnikarskapen daar jamvel i synd skrik mot himmelen!

Kvar er den ljonelden som sleikjer dykk med si tunga? Kvar er det vanvitet som de maatte verta fengde med?

Sjaa, eg lærer dykk overmennesket: det er denne eldingen; det er dette vanvitet!« —

Daa Zarathustra hadde tala soleis, skreik ein av folket: »No hev me høyrt nok av linedansaren; lat os no og faa sjaa honom!« Og alt folket log aat Zarathustra. Men linedansaren, som trudde at ordi galdt honom, tok i ferd med sit verk.

*

Men Zarathustra saag paa folket og tagde. »Der stend dei,« sa han til sit hjarta, »der lær dei; dei skynar meg ikkje, eg er ikkje munnen for desse øyro.