Anders var ein rugg til kar, stor paa vokster, brei
millom akslom og drjug i bulen.
Ein gong han kom til Hælberg, var det mange som heldt paa og øvde seg og lyfte paa ein diger stein der i tunet. Men det fipplast, endaa den eine var ein gut som heldt seg for kjempekar. So freista Anders — fyrst ein gong, men fekk honom ikkje uppfraa; andre gongen fekk han armarne innunder: »Aa kom og set deg paa au, tufsen,« sa han til guten. Daa rette han seg upp og vagga tunet rundt med baade guten og steinen paa armom.
I ein aksjon paa England var det tri kjempor fraa Foldbu som laag etter honom og drakk honom full; dei fekk honom til slutt i koll yver ein slede der i tunet, og velte seg paa honom alle tri. Daa reiste Anders seg og greip dei tvo, ein i kvar hand, og gjekk inn i aksjonsstova med dei; den tridje beit han i trøyekragen og bar honom, men han klønte seg fast i døraklædningi og vart atthangande der. Anders synte fram dei tvo han hadde i kløom, og spurde kva han skulde gjera ved dei. »Aa deng dei! aa slaa dei!« ropte folk imot. Men Anders tykte synd i dei; han berre letta dei upp og klessa dei i hop nokre gonger, og let dei sleppa med di. Anders var so taug og god av seg, at det var mest ikkje raad aa faa honom sint:
»Gud hev ikkje skapt meg slik,« sa han. »Det er ei naade.«
Paa »Raudskogen«, millom Gausdal og Aulestadgrendi, møtte han ein gong ein mann som køyrde paa ein diger stein. Hesten var forlesst. Daa tok Anders og letta steinen av og la honom ved vegkanten. Aarstal og namn vart paahogge. Dei kallar steinen »Ronglilyftet« den dag i dag er.
Det var ein gut i Sydgard Nordgarden som baud honom av; men Anders vilde ikkje. »Eg bryt deg berre ende ned,« sa han.