kvar til si led, fyrst dei hev ikkje born. Storejon gjorde aldri det; han var so godaaig i seg. Storejon hadde ein systerson heitte Hallvor; han hadde heime i sørgard Aakre. Hallvor skulde hava garden etter Jon. »Eg kan ikkje gjeva deg noko, bror,« sa Jon ein gong med honom; men eg skal gjera deg eit som aldri tryt.« So rudde han upp garden, og braut upp so mykje stein, at det var eit under. Aakresvollarne var usynte allstøtt sidan. Han velte steinarne eisemall, so nær som ein; daa bad han kjeringi si aa hjelpa til. Dei la steinen utfyre stovedøri. Han er tri alner lang, tvo alner brei, og halvonnor aln tjukk.
Det var ein fant dei kalla »Andris Overgjeven«. Han fór so traatt i desse bygdom. Ein gong han kom til sørgard Aakre var der bryllaup. Daa det leid paa kvelden og dei bar inn maten, hadde fanten vorte full og vond. Han sprang paa bordet, og kruka og dansa og slo seg under skosolarne, og spente mat og ølkoppar ned i tilet. Storejon hadde gjenge heim og lagt seg. Der var daa ingen som torde i kast med fanten. Daa sende dei bod nord til han Jon. »Aa ja, so lyt eg risa upp att daa,« sa han. Han skodde seg med nokre sko som var jarnlappa bak og framme. Fanten var like galen. »Eg meiner du fer betre du er fredeleg, du,« sa han Jon. Med same rykte han fanten ned paa tilet og gav honom ein spenn, so dei kunde telja kvar skosaumen etter bringa paa honom. Folk vart ilt med. »Du maa daa ikkje drepa honom helder,« sa dei. Daa slepte Jon honom. Fanten smaug ut under hondom paa folk, og la seg innunder buret. Der laag han heile natti. Tidleg um morgoen gjekk han heim til han Jon; han hadde ei fente som fylgde honom. Kjeringi saag dei kom. Ho bad Jon smikka seg ut i kleven og sitja der. Dei spurde, kor Jon var. »Det veit eg somenn inkje,« svara kjeringi;, »han hev gjenge ut.« — »Veit inkje du det, so veit eg det,« sa fenta; »han sit uti kleven;« og ho