elder ingen forstod han; samtidi var ein jammer og eit trælehol, der han ikkje kunde anda for all den vonde luft; naar me ser denne einsame sjuke, midt i all pina og all vonløysa, og utan hjelp i noko anna en sin eigen sterke mannsvilje, reisa seg som ein helt og ein yvervinnar og syngja livet ein ny song, ropa sit jublande » Ja!« til det, og sit modige ord: »det du lova meg, vil eg halda!« — daa maa det vakna ei nokso underleg kjensla i os, me som stend her so raadlause framfor mindre tunge lyft, og tykkjest hava slik ein rett til aa »baktala livet«. Me hev set noko stort; det hev vore ein mann millom os, — segjer me. Der er noko i den kjensla som eggjar.
Og veks det ei sterkare ætt, ei ætt som tek livet med fastare tak og med stoltare mot, og som vaagar den adelege vilje aa »skapa sjølv meining i sit liv«, — so vil Friedrich Nietzsche vera ein av fedrarne til denne ætt, kor mykje elder lite ho so vil kunna eigna til seg av hans tankegrunnar.
— Eit par av Zarathustra-kvadi skal me seinare freista aa faa umsette for »Syn og segn«.
Arne Garborg.