samanheng elder i roleg utvikling. Og sjukdomen gjorde sit til at han maatte arbeida soleis stubbevis (i »aforismer«). Dette var til sine ting ein god arbeidsmaate; men i den siste tidi, daa meiningi var aa leggja fram eit samanhangande livssyn, kunde ein rolegare maate vore betre. Han freistar og aa finna ei klaarare form for sine filosofiske utviklingar. Men heil framgang med dette hadde han ikkje. Difor hev »systemet« hans vorte vandare aa tyda en han nok vilde sjølv.
Det var daa og hans siste tanke aa skriva ei bok som skulde gjeva hans læra um livet i samanheng; »Umverding av alle verde« skulde vera titelen. Fyrste delen av denne boki vart ferdig.[1] Men so kom den siste »undergang«. Han visste det maatte koma, og hev paa ein forunderleg maate dikta denne undergangen med inn i livslæra si. Den og »høyrde med til saki«, som lidingi i det heile. Den store vismannen vart daare; samanhengen i sjælelivet hans sprang. Han maatte stiga ned i sit siste djup, det han hadde dikta um til si høgste høgd —: kanskje naadde han, i den draumheimen der han no seig ned, fram til dei alra djupaste livsens botnar og grunnar. So »var tind og avgrunn gjengne i eit,« — etter ordet hjaa Zarathustra.
Og det kan henda det var mindre um aa gjera aa faa livslæra hans sett i system. Han hadde visst alt fenge gjort det av arbeidet sit som »livet hadde bruk for«.
Me hev funne, at han var stor som tenkjar og diktar; men kanskje var han endaa større som mann. Naar me tenkjer paa denne einsame, som sat der innstengd, mest blind, pint av ein sjukdom som tok all livshyggje fraa han og dag og natt heldt han for auga det myrke val millom daarekista og gravi; og ingen ting hadde han av det me andre trøystar os med; gud kom lenger og lenger ifraa han; livet vart meir og meir ei nott utan von, og dauden gav ikkje fred; faae
- ↑ Er no utkomen med ser-titel „Antikristen«.