braatt; utan fyrebuing, slett ikkje som ein tenkte; og samanheng ser ein lite av. Ofte synest det eine aa motsegja det andre. Især i »Zarathustra«. Og den høge diktarstilen, laant fraa gamle persiske skaldeverk, legg som ein dis yver alt. Den som fyrste gong tek Zarathustra i hand, stend nokso raadlaus. Stykkomtil tykkjest han forstaa. Men so kjem det so mykje underlegt inn imillom. Med vilje er boki skrivi so, at ein kan faa mest kva ein vil ut av ho, — naar ein ikkje forstend.
— Men um ein so ingen ting forstend, vert ein likevel riven med av den høge poesien i henne, og av den forunderleg fagre stilen. Diktaren og kunstnaren, som ofra seg for »tenkjaren«, braut seg likevel fram til slutt, og gjorde vismannen til ein stilkunstnar som me med fru Salomé trygt kan setja som den fyrste i samtidi. Ja stundom kunde ein vilja bruka endaa sterkare ord.
Aa lesa Zarathustra er som aa vera paa høgfjellet, der brear blaanar og snøen skin; og lufti er so tindrande rein og synsringen so vid og fri, at du ser upp og ut i alle himlar. Og det skifter med sol og skuggar og stjernenæter, og du upplever dei store soluppgangar og nedgangar, som fyller deg med jubel og gru som saag du stigande og sigande verder. Der er fest i kvar setning og fest yver alt; det er den boki av alle fraa vaar tid som hev mest sol, men og dei djupaste næter. Og stilen bøygjer seg so lett etter kvar minste skifting i tanke og syn; storfellt og kraftig er han likevel so yndefull, at ein vert ikkje det minste forundra, naar Nietzsche vil, at filosofen skal vera ein dansar (»der Philosoph soll ein Tänzer sein«).
Dei prosaiske elder kritiske skrifterne til Nietzsche merkjer seg like eins ut ved ein kunstfull, sermerkt og sterkt personleg stil; aldri vart vel filosofiske bøker soleis skrivne. Men det høyrer vel og med til diktaren i han: at tankarne helst braut fram i »syner«, innfall, kvar for seg, sjeldan i