Dette er den nye stilla eg lærde: staaket dei held ikring meg, breier ei kaapa um mine tankar.«
Um ein elles kan segja, at han klagar seg daa. For han skreiv ikkje just for aa faa tilheng. Han vilde ikkje skapa parti. Det var ikkje »aalmennsanningar« han fór med; kunde han naa fram til dei einsame, til dei faae som var av hans slag, og kunde han faa dei til aa fylgja deira veg, som han hadde fylgt sin, skapa seg deira sanning, som han hadde skapt seg si, so maatte dette for han vera maalet. Han avviser beint ut alle »tilhengjarar«. Han vil kje samla, men splitta, skapa »enkelte«, som det heiter i Kierkegaards maal. Ei sanning som er for alle elder mange, er ingi sanning; »mine meiningar er mine,« segjer han, »og ikkje letteleg skulde ein annan hava rett til dei.« Ja me maa stundom tru, at um han fann ein som hadde same meiningarne som han, so vilde han helst venda seg imot ein slik ein. Til »Zarathustras ape«, som gjer seg gild med aa tala i Zarathustra-maal um einsemd og um store byar, segjer han: »um mit ord hadde tusund gonger rett, — du vilde likevel med mit ord altid gjera urett!« — For »menneski er ikkje like. Og det eg vil, det maa ikkje dei vilja; — so tala Zarathustra.
Ja han vil bli mistydd. Som han i det heile umdiktar alt til »sin vilje«, so at endaa det som hindrar elder piner han, ja verdi sjølv, vert til: »so vilde eg! so vil eg! — soleis og med dette: den einsemd han maa liva i, og den mistyding han ventar, tek han liksom til inntekt, vil henne. Han veit, at »um den djupe aand veks det stendigt ei maske« — ved all den falske og serleg grunne uttyding som hans ord og gjerningar fær av »dei altfor-mange«; so tok han sjølv »maska« paa seg; la vinn paa aa vera ukjend og løynd. Eit naturdrag er det nok og, som her kjem fram: han likar aa vera ukjend. Det er noko me ikkje so sjeldan finn baade hjaa store aander og hjaa sjuke — og