Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/358

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
354
Friedrich Nietzsche.

for slakke viljar og krøkte ryggjer — med ris-pisking til, som seg høver og bør.

Ei prøving av Zarathustralæra etter sit teoretiske verde er, trur eg, ventande fraa den same forfattaren som no hev forklaara os Nietzsche sjælelegt. Visst er det, at ei slik prøving vilde koma væl med, endaa for dei som ikkje trur, at »tenkjaren« var det høgste i denne høge sjæli.


III.

Profet, vismann, den som forkynner livsvisdom, — det var Nietzsche fyrst og fremst.

Tenkjaren i han — det ordet teke i vanleg meining — er størst som kritiker. Slik som han løyser upp alle gamle grunnlag for filosofien, og dermed tvingar dei tenkjande til aa sjaa betre etter kva dei byggjer paa, det er stundom mest fælslegt, og ei: gudemoro aa sjaa. Men som sjælegranskar naar han kanskje høgst, elder rettare, som han sjølv vilde ha sagt: djupast. Mot honom bleiknar det meste av det me plar kalla »psykologi«, og det er ikkje for ingenting, at dei som vil vera noko i den vegen no, mest alle gjeng i skule hjaa Nietzsche — elder laaner av han. Ein skal kje lesa langt i ei bok fraa denne tid, fyrr ein kjenner att Nietzsche; han »ligg i lufti no, som Spencer elder Darwin i 80-aari. Ikkje minst vert det laant av moraltankarne hans, som desutan gjerne vert vrangtydde elder vantydde. Den stillaste, mest einsame og burtgjøymde av alle tenkjarar, han som var so rædd alt »marknadsstaak«, han er no dregen midt utpaa torget, og det skal kje stor karen til, fyrr han slær um seg med Nietzsche og dermed trur aa høyra til dei »utvalde«. Noko slikt var det vel Nietzsche fælte fyre, daa han let Zarathustra klaga seg i desse gaatefulle ord: »Dei røer alle um meg, naar dei sit ikring aaren um kvelden; men ingen tenkjer paa meg!