Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/357

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
353
Friedrich Nietzsche.


Overmennesket er ikkje til aa forstaa utan som det menneskjelege livs-kunstverk. Soleis ser me, at etiken (tanken um det gode) hjaa Nietzsche til slutt flyt yver i æstetik (tanken um det fagre) Det er merkelegt nok — segjer fru Salomé —: denne urædde tenkjaren, som braut seg igjenom til »hi-sides godt og vondt« so vel som til hi-sides sant og falskt, — han naadde ikkje hi-sides fagert og ufagert. Der stansa han; det »gamle verde« let han standa. Det var vel som ei kjenning av, at han trong um det som ein utveg til sist.

Det vart æstetik av den nye religionen; men der var vel for Nietzsche ingen annan veg. Og som me hev set, fann han trøyst i sit livs-kunstverk.

Ja »overmenneskets fagerdom« var noko so uendelegt, at naar livet i sine sjeldnaste og høgste stunder kunde naa upp til det, so hadde heile tilværet fenge meining. Me kunde med andre ord ved vaar skapande vilje, ved aa vinna fram det overmenneskjelege kunstverk, gjeva verdi den meining ho ikkje hadde; skapa innhald i tilværet. Dei faae, dei utvalde, dei høgste bland os, skulde vera livsforklaararar og livskapande. Nietzsche-Zarathustra var den som fyrst hadde magta dette gudeverk — og det paa ein serskild maate, som gjorde han til noko reint for seg: han hadde skapt sjølve verdenstanken — og gjenom Zarathustra ropar han no ut til sine brørar det stolte ord, at um livet er meiningslaust, so lat os sjølve gjeva det meining. »Dette er fornem tale, at det som livet lova os, det vil me halda for det.«

Det er eit manndomsord av den høgste adel, og kanskje just det ordet som tidi trong um. Og hans spott yver dei livstrøytte, dei leie, dei som hatar og baktalar livet og endaa heng ved det, yver viljeløysa og kraftløysa, dette umannslege som breier seg i denne tid, — det er ein spott so salt og so frisk som havet, eit reint helsebad

Syn og segn. 23