Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/356

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
352
Friedrich Nietzsche.

livstummel i ein sterk menneskenatur, naar striden i denne hev naatt sit overmaal.

Den uendelege sjølvforagt, som tek sjæli, naar ho soleis sig saman i sin »undergang«, rører hugen upp i ein grenselaus lengt etter sin beste draum, og samlar viljen i eit tiltak so heilt, at bilætet av dette som ein vilde vera, men ikkje er, liksom løyser seg ut og vert livande for ein, fær tilvære. Og i denne stundi av den høgste ekstase elder burtrykkjing, i dette himmelske syn av »overmenneskets fagerdom«, finn den brotne sjæli ro. Desse stunder av overmenneskjeleg njoting gjorde Nietzsche so sæl, at han for den skuld med jubel vilde liva livet i ævelengd; dei gav meir en nok for all liding. Han turvte ikkje meir. »Overmenneskets fagerdom kom til meg som skugge; aa, brørar, kva kjem vel meg no — gudarne ved?« — So tala Zarathustra.

»I røyndi vilde Nietzsche«, skriv fru Salomé, »ved aa løysa alle dei villaste hugar føra mennesket upp i eit tilstand daa den eg’ske sjølvnjoting vart til sjølvliding. Av det talm som denne liding skapte, skulde daa ein grenselaus, overmegtig lengt etter si eigi motsetning veksa fram, — lengten hjaa det sterke, ville, maatlause etter det fine, maatsame, milde; lengten hjaa det stygge, hjaa dei myrke lyster etter fagerdom og den ljose reinleik, lengten hjaa det forpinte, i sine eigne ville drifter fangne menneske etter gud. Nietzsche heldt det for mogelegt, at av eit slikt sjælstilstand kunde i røyndi — gjenom eit overveldigt sinns-upprør — det reint motsette tilstand brjota fram.« Just naar det vonde er drive til si høgste høgd, kan det vendast til det gode; »kun gjennem synden øines saligheden,« segjer Kierkegaard. Paa denne maaten »vert visseleg det overmenneskjelege, som mennesket avlar fram, berre til ei framsyning av eit gudlikt skin, eit augeblinksbilæte aa kalla, og ikkje til nokon verkeleg ny hug i han sjølv; men berre paa denne maaten var det i det heile aa naa«, — meinte Nietzsche.