Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/355

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
351
Friedrich Nietzsche.

at det trengst ei nyskaping som gjer syndaren til noko anna en han er, noko motsett, det er sann paulinsk pessimisme. Like eins veit me, at røvaren stend frelsa mykje nærmare en den »rettferdige« farisæaren, ein tanke som me finn att hjaa Zarathustra i strengare form: mennesket maa bli vondt. Den sterkaste livshugen hjaa Nietzsche, den religiøse, var det nok som sat bak og styrde tanken hans her; og at den livshugen ein gong hev vore døypt, — det viser seg tydeleg.[1]

Nietzsche leid sjølv av den store foragt. Det fine og djupt religiøse i han saag med avhug ned paa alt det altfor-menneskjelege og undermenneskjelege, som er vaar natur; rædd og ufysen lengta han — »som bogen etter si pil, som pili etter si stjerna« — burt fraa dette »mennesket«. »Aa, mine brørar«, ropar Zarathustra gong paa gong, »mennesket er noko som maa yvervinnast!« Men han hadde lært den evige ring og visste at det ikkje kunde yvervinnast; han skulde draga det med seg æveleg.

Daa er det vel at hans rædsla og »foragt« hev vorte so stor, at han lærde overmennesket som einaste berging. Men skal viljen magta dette skaparverk, so treng han si heile og fulle kraft, all menneskjeleg kraft, og den maa ved ei avgrunns rædsla drivast upp til eit overmaal, so han spenner seg som staalstrengen paa ein boge og i denne høgste spaning vinn ut yver seg sjølv, ut yver »mennesket.« —

— Men med alt dette naar Nietzsche ikkje lenger en til ei æstetisk forløysning, paa lag av same slaget som den han i Schopenhauer-tidi fann i kunsten.

For kva er overmennesket?

— Ei sjølvidealisering. Eit hugsyn, eit apollinsk kunstverk, som stig lysande og forsonande upp av den ville

  1. Denne samanlikning millom Zarathustralæra og kristendomen skal fru Salomé ikkje hava noko andsvar fyre.