for aa vinna det høgste tilværet kan naa, — føda overmennesket.[1]
For mennesket maa gaa under. Det er vilkaaret for forløysningi. Mennesket kan ikkje »bli godt“; »moralsk forædling« nyttar ikkje; gjenom undergang maa det naa fram til ei heil nyskaping. Difor maa det fyrst verta » vondt, vondt til gagns. Altso talar Zarathustra ikkje um kjærleik elder medhug, so lenge han talar um vegen til overmennesket; men naar han er komen til maalet, tek han kjærleiken upp att. Og det i rikt maal. Mennesket skal ikkje aaleine fornegta seg sjølv, det skal vilja sin undergang. Gjenom overmaalet av det »vonde« kjem det til aa vilja gaa under som seg sjølv, gaa under i den »store foragt«, d. v. s. i avhug og avsmak for sin eigen »stygge« natur; og gjenom denne undergangen kan det naa fram til overmennesket og »den store kjærleik.«
Me ser: det er meir religion en filosofi, forløysning meir en vitskap, Nietzsche treng; og mynstret for den religionen han no hev naatt, ser meg ikkje ut til aa liggja so svært langt burte. Overmennesket er ikkje heilt det same som det » nye menneske« i den protestantiske hugvendingslæra; det inneheld samstundes noko av frelsaren; og den »store foragt« svarar ikkje plent til det som dogmatiken kallar anger; men samanheng er der, so vidt eg kan sjaa. Og at mennesket ikkje kan forædla seg til aa bli godt, men
- ↑ At Nietzsche ikkje er aa taka som »samfundsmoralist«, er sjølvsagt. Han skreiv for dei »einsame«. Men naar han tenkjer paa samfundet, er han, som ein kan vita, svært reaktionær. Det moderne samfund er hans verste hat, og det gyv med spott ut yver all næste kjærleik-politikk og alt engelsk »plebeiar«-stræv for den »størst mogelege lukka« osv. Folk »skal hava det vondt«. Me maa hugsa, at læra hans i det heile er ei læra um liding; berre gjenom den høgste liding kan me naa vaare høgste maal. Det er ei hard læra; men naar Zarathustra segjer, at det just er den store kjærleiken som er hard, — so ser me gjenom dette ordet til botnen av Nietzsches hjarta.