sjæli forfina, utdypt, rikgjord, lærde finleikar og løyndomar, mistru og list og utkropi sløgd, lærde vide vegar og djupe avgrunnar, bygde seg upp og vida seg ut og vart til denne skog av hugar og mothugar og villsam vokster, dette hav av straumar og over- og understraumar, med baareglitter og mange djup — ubotnelege djup med fæle og fagre dyr og kryp, med skuggefullt ljos og sylvskimrande myrker, vart til alt dette endelause, gaatefulle, fine og overfine, men veike og uppløyste, som me kallar den menneskjelege sjæl, — den som no endeleg hev naatt so høgt og so djupt, at ho i si høgste stund kunde sjaa verdenslovi og fata overmennesket. Men skal overmennesket verta liv, so gjeld det aa vinna att den tapte krafti. Den sjælfulle dekadenten maa gjenom styrkjing og herding av viljen vinna seg upp og verta herre paa nytt, herre av eit høgare slag, herremenneske. Trælemoralen maa burt, um han ikkje skal driva dekadencen ut i uppløysning og gjera ende paa alt; og herremoralen maa upp, den som no aaleine er livsfremjande. »Vert hard!« er det fyrste bod. Livet er vilje til magt, og vilje til magt er grunnlaget i herremoralen. Derfor vil den nye filosofien stempla um til »godt« det som fyrr heitte vondt: sjølvviljen, styrken, den harde hug og det krigssterke mot; viljen til magt skal heita heilag. Gjenom upptugting av denne moralen skal dekadenten vinna att den sterke vilje og heile hug, læra aa segja ja til livet, elska det, liva det fullt ut med heile si rike sjæl; — daa kan han naa menneskjemaalet. Hard skal han vera, og fus og tyrannisk; han skal vera »rovdyret«, »umennesket«, som »ikkje sparar sin næste«, og som heilt vil seg sjølv[1]; men i rett meining skal han endaa vera god; for det han midt i sin sjølvhug vil, det er til sist sjølvofring, sjølvundergang —
- ↑ Napoleon I, slik som Taine fortolkar han, var »herre«-mynstret for Nietzsche. Men endaa han var »gar zu klein« — altfor liten.