Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/352

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
348
Friedrich Nietzsche.

ædlare, kanskje »vis« manna-ætt. Zarathustra veit kje noko um betre tider. Helder ikkje veit han noko um betre menneskje. Men han vil, at menneski vert større.

Den gamle moralen vil hava mennesket »godt«. Sjølvviljen, dei sterke livshugarne, skal døyvast; mildhug og medhug skal meir og meir faa magti. Men Zarathustra segjer, at aa døyva sjølvviljen, det er det same som aa døyva livet sjølv. Mennesket vert ikkje »ædlare« av det, berre veikare; »mindre«. Alt er me komne so langt paa denne vegen, at tilmed dei største av os er »altfor smaae«, og alle talar vondt um livet. Mennesket maa bli sterkt. »Vondt«. Sjølvhugen skal herdast, magthugen stælast (staalsetjast); livshugarne maa reisa seg i all si kraft, drivast upp til sit høgste maal, og striden millom dei maa rasa i fullt velde, som stormen, som havet, som den ville krig; daa vil mennesket naa si høgd; gjenom overmaalet av liv, gjenom denne Dionysos-tummel av løyst kraft vil det gaa under — og føda overmennesket.

Me maa attende til det fyrr-historiske. Attende til den tid daa mennesket var heilt, usprengt, samvaksen vilje, »fødd herre«, »herredyr«. Kulturen med si tvang og tugt kløyvde viljar og hugar og gjorde dyret til dekadent. Det maatte til; dyret maatte upptugtast. Samfundet vart bygt; moralen, »trælemoralen«, kom med si læra um sjølvfornegting og forsaking, um næstekjærleik og medynk med andre, og døyvde og møykte den harde hug; herredyret stengdest inn som i eit bur av lov og samfundsmoral, og daa det ikkje lenger kunde tumla seg i sin frie krig utetter, vende det seg innetter, mot seg sjølv, reiv seg upp og sund med samvitsagg, sjølvpining, sjølvforagt, skam; dei mange brennhugar (lidenskaber) skilde seg sund og førde krig seg imillom; alt dette maatte til; dei lange indre strider gjenom tusund av aar tugta til sist ei sjæl inn i dyrepelsen; herredyret vart menneske. Gjenom religiøs sjølvtvang og kamp vart denne